|
 |
|
PROSJEKT PR. 2011Enebolig på skogstomt.
Utsyn i sektor frå aust til sørvest.
Ein plan som følgjer lyset gjennom døgnet og årstidene.
Ei form som famner hovudtrekka i situasjonen.
|
 |
|
Garasje i underetasjen gir bu- og uteareal høgare i terrenget, slik at
lyset og utsikta blir varetekne.
Husets rom åpnar seg mot lyset, frå tidleg morgon på austsida (soverom
og kjøkken, morgonterrassen), over middag til sein ettermiddag mot sør
og sørvest (stove, gjesterom, ettermiddagsterrassen). |
 |
|
Lysets gang frå aust til sørvest blir fanga opp på ulike vis
(hjørnevindu i stort soverom, skyvedører i kjøkken mot uteplass,
vindusband i karnappet ved spisebordet, høge vindu i stova, og
skyvedører mot ettermiddagsterrassen).
Planløysinga er elastisk.
Huset fungerer for eit stort hushald (4-5 soverom). Men det kan også
brukast av til to mindre hushald berre ved å lukke døra i korridoren i
soveromsavdelinga. Ombyggingar er derfor ikkje nødvendig når
livssituasjonen endrar seg.
Tunet på hovudplanet kan nåast med bil. Planen er
tilgjengeleg for brukarar av rullestol.
|
 |
|
Fasade mot aust |
 |
|
Stove og spiseplass. I bakgrunnen kjøkkenet. |
 |
|
Siktlinje frå spisebordet gjennom stova og ut til ettermiddagsterrassen |
 |
|
Fasade mot vest
|
 |
til topp side |
Ettermiddagsterrassen |
|